
Ledige stillingar
Oppdatert: 17. februar 2025
Pedagoger
Skulen ligg i Ulnes og har elevar frå heile Valdres. Skulen legg vekt på å ha eit godt og variert tilbod til elevane. I montessoriskulen legg vi til rette for læring for alle elevar, stimulering av lærelysta til kvar enkelt og motivasjon og tru på eigen meistring. Vi er opptekne av å førebygge utanforskap og ha eit inkluderande og trygt skulemiljø som fremmer læring, trivsel og helse.
Arbeidsoppgåver:
-
Skulen treng grunnskulelærarar (allmennlærar) både til barnetrinnet og til ungdomssteget
Kvalifikasjoner:
-
God erfaring med arbeid med barn og unge
-
Vi ynskjer ein lærar med montessoriutdanning eller vilje til å ta montessoriutdanning.
-
Vi krev politiattest av ny dato.
Personlege eigenskapar:
-
Du har god arbeidskapasitet og evne til å ta sjølstendig ansvar og initiativ.
-
Du er glad i å arbeide med barn og ungdom, og evnar å sjå den enkelte elev.
-
Du meistrar trygg og tydeleg klasseleiing og å bygge relasjonar til elevar, kollegaer og foreldre.
-
Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel.
Vi tilbyr:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit støttande arbeidsmiljø.
-
Lønn basert på utdanning og ansiennitet etter gjeldande reglar og avtaler.
-
Interesserte og motiverte elevar.
Vi tilbyr også:
For deg som vil vera med å utvikle Valdres montessoriskule inn i framtida kan vi inngå ein intensjonsavtale med moglegheit for fast tilsetting. Skulen har gode avtalar og støtteordningar for vidareutdanning både når det gjeld montessoripedagogikk og ulik fagkompetanse, med høve til å jobbe 60% og studere 40% med full lønn.
Oppstart august 2025, eventuelt i løpet av våren 2025.
Vi er alltid på jakt etter gode tilkallingsvikarar, ta kontakt om du er interessert i dette!
Søknad med CV sendast til rektor@valdresmontessori.no
Spørsmål kan rettas til dagleg leiar, Silje Austdahl på mail eller telefon: 941 62 223
Søknadsfrist: snarest