
Har du skuleklar elev?
… men har du høyrt litt ulike rykte om Valdres Montessori?
​
Vi har snakka med elevar, tilsette og foreldre om nokre av fordomane folk har mot både skulen vår og Montessori-pedagogikken.
​
Sjå filmane her – og kom gjerne innom skulen om du vil oppleve korleis vi har det i kvardagen!
Montessoripedagogikken er ei «hjelp til livets utfalding». Ei slik utdanning strekkjer seg langt utover det å oppdra barn til å tilpasse seg normer, eller å gjere dei eigna til eit bestemt yrke.
​
Kjelde: montessorinorge.no


Montessoripedagogikken byggjer på eit syn der barnet står i sentrum.
Eit syn der sosial, emosjonell, fysisk og intellektuell utvikling blir rekna som like viktige.
Eitt av dei viktigaste måla i montessoripedagogikken er å gje barna ei forståing av korleis alt i verda heng saman – difor seier vi at montessoripedagogikken har eit holistisk perspektiv.
​
Kjelde: montessorinorge.no
Den vaksne si rolle er å rettleie og leggje til rette, og gje barnet rom til å prøve og feile.
«Hjelp meg å gjere det sjølv» er eit mykje brukt sitat frå Maria Montessori – nettopp fordi det seier så mykje om det vi ønskjer å få til.
​
Kjelde: montessorinorge.no


I montessoripedagogikken snakkar vi om det førebuande miljøet.
Med det meiner vi eit miljø som er tilpassa behova barna har, og det utviklingstrinnet dei er på.
Det handlar både om korleis det fysiske miljøet ser ut – til dømes møblar som er tilpassa barna, og at dei har plass til å arbeide både ved bord og på teppe på golvet – men òg om det som skjer i miljøet.
​
Kjelde: montessorinorge.no

