Er du nysgjerrig på pedagogikken, er du velkomen til å observere elevane i arbeid. Då vil du sjå korleis elevene arbeider med materiell / konkretar og korleis miljøet er tilrettelagt for barna.
Ofte stilte spørsmål
General1
Lærarane har lærerutdanning, samt montessoriutdanning. Skulen krev at alle lærarane har montessoripedagogisk utdanning, og dekkjer kostnadar knytt til vidareutdanning for dei som ikkje har montessoripedagogikk ved tilsetjing.
Vi har i stort sett dei same faga som offentleg skule, skilnaden er metodane vi underviser etter. Elevane har litt lengre skuledagar og meir tid til å fordjupe seg i ulike emne.
Vi har vår eigen læreplan som er godkjent av Utdanningsdirektoratet. I læreplanane for dei einskilde faga er minst same kompetansemål som fir “Kunnskapsløftet” tekne med. Faga er samordna med “Kunnskapsløftet”. Dette er minstekrav i tråd med montessoriskulen sine idear om at born og ungdom har eit postensiale som langt kan overgå dei vaksne sine planer.
Det er gratis å vera elev ved montessoriskulen.
… men foreldrene betaler 400,- i matpengar per månad, slik at barna får lunsj på skulen kvar dag. Det er sosialt og hyggeleg med fellesskap samling rundt lunsjbordet, både for vaksne og barn!
Den største skilnaden er at kvart einskilt barn får arbeide ut i frå sitt individuelle behov i eit tilrettelagt miljø. Vi følg barnet sitt nivå, og legg til rette for at barnet før utvikle seg i sitt tempo. Opplæring i aldersblanda grupper, mykje konkret montessorimateriell, fridom innan faste rammer og bevegelse i undervisningsrommet er noko av det du først registrerer når du kjem til eit montessorimiljø.