top of page

Hei!

Valdres Montessoriskule ligg i Ulnes og starta opp hausten 2010. Vi har i år 41 elevar og 13 tilsette ved skulestart. Elevane kjem frå Nord-Aurdal og Vestre Slidre kommune. Frå hausten 2022 har vi eigen ungdomsskule, og i år har vi ein flott gjeng på 16 ungdommar som jobbar ilag med vårt kompetente ungdomsskuleteam. 

Vi har eit godt kvalifisert personale, både når det gjeld montessoripedagogikk, spesialpedagogikk og allmennlærarutdanning. Vi har lærling i barne-og ungdomsarbeidarfaget.
    
Vi har en heilskapleg pedagogikk med mye praktiske oppgåver, der elevane lærer med alle sansar og heile kroppen. Vi arbeider heile tida tverrfagleg og ønsker at elevane skal sjå samanheng i det dei lærer. Digitalt er vi godt oppdatert og har mange datamaskiner og nettbrett elevane kan bruke, slik at dei lærer å bruke dette verktøyet der det er naturleg, lærerikt og nyttig. 
    

Vi gjev elevane rikeleg med opplevingar i naturen og dreg ofte ut på turar. Slike felles opplevingar er viktig for det sosiale miljøet og gjev gode opplevingar. Dessutan lærer ein mykje utanfor klasserommet sine fire veggar! Vi er bevisste på å dra valdreskulturen inn i skulekvardagen og bruke ressursane i nærmiljøet.

 

I haust startar vi opp med vårt eige korps som ein del av musikkundervisninga, og planlegg fleire kulturelle prosjekt. Kunst, musikk, teater, song og dans er sentrale aktivitetar ved skulen og godt integrert i skulekvardagen.

​

Skulen legg stor vekt på kosthald og helse. Vi har Fysak og mykje aktivitet gjennom veka. Vi serverer frukt og grønt i arbeidsøktene. Vi har felles skulelunsj kvar dag, og foreldra betaler matpengar for dette. Elevane tek kvar dag del i førebuing, tillaging og opprydding av måltida, då dette er integrert i vårt undervisningsopplegg. Å eta mat i fellesskap styrker også samhaldet i gruppene.

 

Vi legg til rette for at elevane skal bli sjølvstendige på alle plan, og utvikle seg til frie og ansvarsfulle menneske, som tek vare på seg sjølv, andre og miljøet rundt seg.


Vi har eit stort uteområde med ballbinge, huskestativ og klatrestativ i tillegg til grusbanar og asfalterte område. Vi har to gapahukar til bruk ved læring og lunsj ute. 
 

Skulen er gratis, akkurat som ein kommunal skule.  Elevar får gratis skuleskyss frå heile kommunen, uansett kvar dei bur i Nord-Aurdal kommune. 
 
Vi har nynorsk som skriftspråk, men nokre elevar kan likevel ha bokmål.


Kom gjerne innom for å sjå korleis vi har det her, og kva vi driv med! 

Vi arbeider etter visjonen: Best opplæring til kvart einskild barn!

Vårt mål er at alle elevar ved skulen skal oppleve meistring og kjenne at dei høyrer til i vårt fellesskap. Vi ønsker at skulegangen ved Valdres Montessoriskule skal styrke elevane i å leve meiningsfylte liv.


Silje Austdahl
​rektor

370896709_782043587178396_8022084372416138137_n.jpg
bottom of page