For føresette

Her finn du praktisk informasjon til deg som har barn ved Valdres Montessori. 

All kommunikasjon mellom skule og føresette foregår via applikasjonen SchoolLink.

SFO

SFO-tilbodet er ope for alle born på 1.-6. trinn, uavhengig av kva skule barnet er elev ved. 

 

​SFO er open: kl.13.50 - 16.30, kvar skuledag.

Mobilskule
Enkel kommunikasjon mellom skule og heim

Valdres Montessoriskule brukar den digitale meldingsboka: SchoolLink. Det er ein enkel og sikker tovegskommunikasjon som sørger for god kommunikasjon mellom skule og heim. 

Med SchoolLink kan du som føresett sende og motta meldingar til og frå skulen i en app for iOS/Android .

 

Du lastar ned appen ved å søkje på SchoolLink i App Store eller Play Store. Du kan også trykke på denne lenka: www.schoollink.no på din smarttelefon.

Du loggar inn på SchoolLink appen med telefonnummeret ditt.

 
 

Læreplan

“Læreplan for montessoriskolen” er eit sjølvstendig læreplanverk. 

Montessoriskuler som er godkjent for å drive alternativ pedagogikk etter “Læreplan for montessoriskolen” er forpliktet til å følge denne. Dei kan ikkje gje undervisning etter heile eller delar av den offentlege læreplanen.

 
AdobeStock_169533642.jpeg

Skuleruta 2022-2023

 

Ordensreglement

Ordensreglementet er vedteke av Styret for Valdres Montessoriskule AS.
 
Ordensreglane skal hjelpe oss i arbeidet med å skape eit trygt og positivt skulemiljø. Ordensreglane gjeld i skuletida, på skulevegen og ved skulearrangement.


Det som skjer i det digitale rom, til dømes på skulen sine nettsider, vil også kunne bli omfatta av reglementet. Ordensreglane skal gjerast kjent for elevar og føresette kvart år.
 

Alle skal vise respekt, ta ansvar og ha omsorg for kvarandre. Ingen skal utsetjast for mobbing, krenking eller utestenging. Alle har eit ansvar for dette. 

1.Elevane skal ha god åtferd.
    Det er god åtferd å:

  • gå (ikkje springe) når vi er inne på skulen

  • bruke innestemme når vi er inne

  • prate høfleg til andre elevar og vaksne

  • alltid rydde bort materiell og utstyr når vi er ferdige med arbeid eller leik

  • ta vare på kvarandre.

  • rekke opp handa om du vil seie noko.

  • lyfte stolen om du skal flytte den

  • leike innanfor skulen sitt område

  • ikkje bruke mobiltelefon i skuletida

  • rette seg etter beskjedar og rettleiing frå alle vaksne på skulen

  • berre bruke datautstyr og utskrifter i samråd med ein vaksen

  • ikkje ha med seg farlege eller skadelege ting til skulen



2. Elevane skal ha god orden.
    Det er god orden å:

  • halde orden på plassen sin, både i klasserommet og i garderoba

  • ha med seg nødvendige læremiddel og utstyr til skulen



3. Skulen tek ikkje ansvar for pengar eller personlege eigendelar elevane har med seg på skulen

4. Elevar som øydelegg eller gjer skade på skulen kan bli pålagt å utbetre skaden, rydde opp etter seg eller få økonomisk erstatningsansvar

5.Sanksjonar
Elevar som ikkje rettar seg etter ordensreglementet må rekne med tiltak som:

  • tilsnakk, bli informert om forventa åtferd og tap av goder

  • skulen tek kontakt med føresette

  • omorganisering av skuledagen; byte av elevgruppe, arbeide i eit anna rom, vere inne i friminutt og liknande

  • inndraging av gjenstandar som er forbode eller brukt i strid med ordensreglane

  • heimsending eller utelukking frå undervisningsopplegg, skuleturar, leirskule og skulearrangement

  • lovbrot blir meldt til politiet

  •  Bortvisning

  •  

​Alvorlege brot, eller gjentekne brot på ordensreglementet, kan føre til at eleven blir vist bort frå skulen etter opplæringslova §9A-11
Elevar på 1.-7.årssteg kan bortvisast frå enkelttimar eller resten av skuledagen.
Føresette skal varslast før tiltaket vert sett i verk og har ansvaret for eleven som vert bortvist.

 

Inntaksreglement

1 Inntaksreglement
Inntak av elevar til Valdres Montessoriskule skal skje i samsvar med friskulelova § 3-1 og det inntaksreglementet som styret har fastsett.

2 Elevinntak
I samband med oppstart av ungdomsskule ønsker styret å lyse ut ledige plasser frå oppstart 2022.

 

Elevgruppa 7.-10. trinn skal vera maksimum 10 elevar.

Søknadsfrist 19.04.22

 

Elevgruppe 1.-3. trinn skal vera maksimum 20 elevar.

Søknadsfrist 19.04.22

Skulen skal stå open for alle som fyller vilkåra for inntak, tilsvarande offentleg grunnskule, og ha heile landet som inntaksområde. Søkjarar med rett til opplæring etter opplæringslova skal i alle tilfelle prioriterast framfor andre søkjarar. Ved kapasitetsproblem vil inntak skje etter fylgjande prioritering:

 

  • Born av andelshavarar

  • Born som har sysken ved skulen

  • Born med ansiennitet frå montessoriskule/barnehage

  • Born av tilsette

  • Andre born

 
3 Kunngjering av inntak av elevar
Kvart år i januar måned skal det annonserast i aviser for å sikre at informasjon om inntak for neste skuleår vert offentleg kjend. Søknadsfristen skal kvart år vera 5.januar.

Søknader som er sendt seinare enn fristen har ingen rettar, og vert handsama fortløpande dersom det er ledige plassar.


4 Inntak av elevar
Dagleg leiar, i samarbeid med skulestyret, skal avgjere kva for elevar som vert teke inn ved skulen, jfr. prioriteringsliste. Informasjon om inntak, som skal vera skriftleg, skal finne stad innan 6 veker etter at søknadsfristen har gått ut. Ved avslag kan klage sendast til skulen sitt styre. Endrar ikkje skulen sitt styre vedtaket, sender styret klagen til Fylkesmannen som er høgare klageinstans, jfr. friskolelova § 3-1 femte ledd. Skulen sitt styre pliktar å gjere klagar merksam på klagefristar i høve til forvaltningslova. Ved inntak av elevar frå andre kommunar, skal Valdres Montessoriskule sende melding til skuleadministrasjonen i bustadkommunen til eleven, snarast etter inntak.

5 Prioritert venteliste
Det skal utarbeidas ei prioritert venteliste som skal leggast til grunn dersom ein eller fleire av elevane som er tekne inn likevel ikkje ynskjer å nytte plassen. Ventelista gjeld også dersom det i løpet av skuleåret vert ledig plass.

6 Endring av inntaksreglementet
Inntaksreglementet kan til ei kvar tid endrast av skulestyret innanfor ramma av gjeldande reglar i friskolelova § 3-1.
 
 
Endra av skulestyret 28.03.2022

 

Når foreldra ikkje bur saman

Å leva saman er utfordrande, spennande, lærerikt og moro. Men det kan også vera vanskeleg å handtere alle utfordringar på eiga hand då kan du søkje råd og rettleiing her: www.bufdir.no/Familie/
 

25 tips til selvstøtte under samlivsbrudd:

1. Vær åpen om situasjonen din, slik at du slipper å bruke energi på å late som.

2. Snakk om hvordan du har det med noen du stoler på.

3. Velg praktiske løsninger som er best for din familie. Det finnes ikke fasitsvar. Det som er best for deg er ofte også bra for barna.

4. Våg å kjenne på følelsene dine og tillat deg selv å være lei deg.

5. Vær åpen om at du er lei deg til barna, men unngå å belaste dem med for mange detaljer. Vis at du kan ta ansvar for deg selv.

6. Våg å ta imot hjelp fra dem rundt deg. Det kan for eksempel være lurt å be en venn være med når du skal gå gjennom og sortere tingene.

7. Forsøk å skape et godt samarbeid med ekspartneren. Vær raus!

8. Informer om situasjonen på jobben din, uten å blottlegge deg. Det kan være rom for andre arbeidsoppgaver og mer fleksible arbeidstider i en periode.

9. Sykemeld deg en periode, hvis du føler at det er nødvendig. Men unngå å være sykemeldt i lang tid.

10. Sov gjerne på ulike rom til dere flytter fra hverandre. For mange er det enklere med klare rammer.

11. Ta en dag om gangen og ikke se for langt fram. Husk at smerten ikke varer evig.

12. Unngå å haste inn i et nytt forhold, slik at du ikke får tid til å bearbeide.

13. Skriv ut problemene! Det er god terapi. Skriv dagbok eller brev du ikke sender. Du kan ta det frem igjen etter noen uker og se at utfordringene allerede har endret seg litt.

14. Unngå å planlegge barnefordelingen i den mest intense fasen. Gi samarbeidet tid!

15. Løft blikket, brett opp ermene og tenk at du klarer det. Du blir påvirket av hvordan du fokuserer.

16. Sørg for at barna har det best mulig. Det er også godt for deg. Hvis du føler at du mestrer foreldrerollen godt, kan det være en god trøst.

17. Se hva du selv har bidratt med i bruddet. Raseri mot partneren styrker ikke samarbeidet.

18. Normaliser det som skjer. Du er ikke alene om dette. Det skjer med bortimot halvparten av alle par med barn.

19. Ta ansvar for egne behov, og finn ut hva som er godt for deg. Bestill massasje, eller gå en tur i skogen.

20. Unngå å isolere deg – det kan føre til depresjon.

21. Se det positive i at du får en ny start. Det er en grunn til at det ble et brudd.

22. Flytt gjerne fokus ved å være en ekstra god mamma og pappa. Benytt muligheten til å kose, være nær og leke med barna. Det er bra for både deg og dem.

23. Snakk med andre i samme situasjon. Enkelte kommuner, familievernkontorer og Modum Bad arrangerer "Fortsatt foreldre"-kurs som støtte under samlivsbrudd.

24. Oppsøk gjerne en profesjonell, enten det er for å få hjelp til dine følelser eller for å styrke samarbeidet med ekspartneren.

25. Vær åpen for en ny partner når du kjenner deg klar for det. Det er godt for den psykiske helsen.

 

Kilder: Psykolog Frode Thuen og gestaltterapeut Nina Sontum