top of page

Hei!

Valdres Montessoriskule ligg i Ulnes og starta opp hausten 2010. Vi har i år 38 elevar og vel 10 årsverk tilsette ved skulestart. Elevane  kjem frå Vestre Slidre og Nord-Aurdal kommune.

Vi har eit godt kvalifisert personale, både når det gjeld montessoripedagogikk, spesialpedagogikk og allmennlærarutdanning. Vi har lærling i barne-og ungdomsarbeidarfaget.
    
Skulen legg stor vekt på faget matematikk. Vi har fleire matematikktimar i veka enn det som er pålagt. Barna lærer matematikk med det spesielt utvikla montessorimateriellet og dessutan gjennomfører vi matematikkøkter i løpet av året der vi har matematikk ute, inne, på kjøkenet, ved sløydbenken osv. Barn lærer med alle sansar og heile kroppen.
Vi har mange datamaskiner og nettbrett elevane kan bruke, slik at dei lærer å bruke dette verktøyet der det er naturleg, lærerikt og nyttig. 

Vi gjev elevane musikkopplæring gjennom prosjektet "Korps i skulen". For andre året har vi aspirantkorps for elevane på 5.-7.trinn.
Ved hjelp av Ulnes musikklag og dyktige musikklærarar er det korpsundervisning to timar i veka.

Montessoriskulen arbeider målretta med Montessori 2030.
Mange av bærekraftsmålene er allerede en naturlig del av montessoripedagogikken. Med Montessori 2030 blir vi bevisste på vårt bidrag til globale mål, og kan få idear, inspirasjon og inngå samarbeid med kvarandre.
montessori2030.org/#montessori-2030

Vi er også engasjerte i prosjekt "Plastmonster" og "Den grønne megafon".  Grønn Megafon er ei miljøavis, laga av og for elevar og lærar i skulen. Føremålet med nettavisa er å inspirere til å sette miljøet på timeplanen.https://gronnmegafon.no/

Skulen er gratis, akkurat som ein kommunal skule.  Elevar får gratis skuleskyss frå heile kommuen, uansett kvar dei bur i Nord-Aurdal kommune. 

Elevane får også reise på fjelltur, skitur og skuletur. Slike felles opplevingar er viktig for det sosiale miljøet og gir gode opplevingar. Dessutan lærer ein mykje! 
 
Vi har nynorsk som skriftspråk, men enkelte elevar kan likevel ha bokmål.

I tillegg til fagleg utvikling legg vi vekt på «praktisk-liv»-aktivitetar, der elevane er med i den daglege drifta. Eit fellesskap er avhengig av alle, at elevane blir sjølvstendige og at i fridom må alle vera med å oppretthalde struktur og orden. Elevane er med på å dekke på til lunsj, rydde, vatne blomster, tørke støv osv. Sko skal stå på rett plass, klede skal henge ordentleg, materiell skal ryddast, søppel skal sorteras og kastas. Dette kan vi gjera fordi vi har fleire timar enn den offentlege skulen har.
Skulen legg vekt på kosthold og helse. I tillegg til Fysak, får elevane gratis frukt/grønsaker om dagen. Vi har skulelunsj kvar dag, og foreldra betalar skulepengar for dette.  Elevane er kjøkkenassistentar to veker kvar i løpet av skuleåret. Då hjelper dei kokken vår og førebur deilig lunsj til alle på Solabu. Skulen leiger lokale hjå Ulnes ungdomslag og bidreg til styrking av økonomien til ungdomslaget og ivaretaking av den verneverdige huset dei har ansvaret for. Vi får ein flott spisesal og gode muligheter til læring gjennom fellesskap og aldersblanding.
Vi har eit stort uteområde  med ballbinge,  huskestativ og klatrestativ i tillegg til grusbanar og asfalterte område. Vi har to gapahukar til bruk ved læring og lunsj ute. 

I alle aktivitetar er vi bevisste på å dra inn valdreskultur og vi brukar nærmiljøet for å fremme læring. Vi har eige snikkarrom der vi  i periodar kan tilby barna aktivitetar i sløyd. 

Skulen har sin eigen reklamefilm som blir vist på Kvitvella kino på Fagernes i november, desember og januar. 
Kom gjerne innom for å sjå korleis vi har det her og kva vi driv med! 

Vi arbeider etter visjonen: 
Best opplæring til kvart enkelt barn!


Inger Strand
​rektor

bottom of page